Til hovedinnhold Direktoratet for medisinske produkter Direktoratet for medisinske produkter

Tvangsmulkt

Publisert:

|

Oppdatert:

Endringer

Rundskriv 04/2002 Retningslinjer for fastsetting av tvangsmulkt i medhold av lov av 2. juni 2000 nr. 39 om apotek § 9-4.

Innhold på siden

    1. Omfang

    Direktoratet for medisinske produkter kan bestemme at apotek skal betale ei laupande tvangsmulkt for kvar dag som går etter utløpet av den fristen som er sett for oppfylling av vilkår gjeve etter § 2-8 (villkår for apotekkonsesjon), plikter gjeve etter § 5-5 (regnskap og annen virksomhetsregistrering) samt pålegg gjeve etter § 8-3 (pålegg om retting) i apoteklova. Mulkta lauper både på verkedager og laur-, sun- heilagdagar.

    2. Definisjon

    Tvangsmulkt er eit tvangsmiddel som vert nytta for å tvinge gjennom eit krav som går ut på anna enn pengar. Tvangsmulkt inneber ei plikt til å betale eit pengebeløp ved brot på lovbestemte vilkår, plikter eller pålegg som nevnt i punkt 1. Tvangsmulkt er eit administrativt tiltak.

    3. Formål

    Formålet med tvangsmulkt er å tvinge/motivere adressaten til å innrette seg lovleg. Vedtaket om tvangsmulkt vil alltid vere eit betinga vedtak, der tvangsmulkta kan avvergast ved å følgje eit pålegg om å innrette seg lovleg.

    4. Når tvangsmulkt kan brukast

    Tvangsmulkt kan fastsetjast der frist for å etterkomme vilkår etter § 2-8, plikter etter § 5-5 eller pålegg etter 8-3 i apotekloven er passert. Om tvangsmulkt vert fastsett skal det som hovudregel skje i samband med at det vert fastsett ny frist for å oppfylle vilkår, plikt eller pålegg. Tvangsmulkt kan berre fastsetjast der det vert rekna som nødvendig for at oppfylling skal skje innan rimelig tid.

    Tvangsmulkt kan fastsetjast alt i samband med at pålegget vert gjeve, når det er særleg nødvendig at fristen vert halden.

    Tvangsmulkt skal ikkje nyttast i staden for stans av verksemd når det ligg føre fare for helse eller sikkerheit.

    Tvangsmulkt skal og vera ein reiskap for å unngå at medarbeidarar bruker uforholdsmessig mykje ressursar på å imøtekomma, forhandla med aktørar som ikkje innrettar seg. Det er viktig å unngå unødig spel av felles ressursar.

    5. Gjentatt tvangsmulkt

    Dersom vilkår, plikter eller pålegg ikkje blir etterkomme innan fristen trass at det er fastsett tvangsmulkt for oversitjing av fristen, kan ny tvangsmulkt verta fastsett i samband med fastsetjing av ny frist. I samband med dette skal det vurderast om tvangsmulkta bør aukast.

    6. Fastsetjing av størrelsen på tvangsmulkta

    Tvangsmulkt vert utmålt i høve til kostnadane ved å etterkomme gitte vilkår eller plikter, eller kostnadene ved å gjennomføre dei pålegga som er gitt. Tvangsmulkta vert minst sett så høgt at det vert ulønsamt å oversitje fristen. Ved utmålinga bør det òg leggjast vekt på betydninga av at pålegget vert gjennomført raskt.Størrelsen på tvangsmulkta vert regulert i takt med utviklinga i pengeverdien.

    7. Kven kan verta ilagde tvangsmulkt

    Vedtak om tvangsmulkt vert retta mot apotekkonsesjonær eller apoteket.

    8. Forfallstid

    Laupande tvangsmulkt forfell til betaling i daglege terminar frå og med første verkedag etter at fristen i pålegget er ute. Det skal sendast påkrav om løpande tvangsmulkt med regelbundne mellomrom, som ikkje i noko tilfelle skal overstiga 8 veker.Blir ein klage over pålegg eller over at tvangsmulkt er fastsett gitt oppsetjande verknad, pådreg ein seg ikkje tvangsmulkt før klagen er avgjort. Blir ein klage over fastsetjinga av størrelsen på tvangsmulkta gitt oppsetjande verknad pådreg ein seg tvangsmulkt, men den forfell ikkje til betaling før klagen er avgjort.

    9. Saksbehandling/klage

    Vedtak om tvangsmulkt er eit enkeltvedtak i samsvar med forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b). Reglane i forvaltningslova er dermed gjeldande.

    Fastsetjing av tvangsmulkt er eit forvaltningsvedtak som kan klagast på til overordna forvaltningsorgan (Helse- og omsorgsdepartementet).

    10. Inndriving av tvangsmulkt

    Direktoratet for medisinske produkter ved Statens innkrevingssentral sender påkrav om betaling av tvangsmulkt som har forfalle. Blir tvangsmulkta ikkje betalt, vert kravet sendt til namsmyndigheiten for inndriving. Vedtak om tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg, jf lov om tvangsfullbyrdelse.

    Tvangsmulkta tilfell statskassen.