Vilkår for bruk av tekst, illustrasjonar, foto og film
Publisert:
Endringer
Innhold på siden
Vilkår for bruk av tekstar på dmp.no
DMP har opphavsretten til alt innhald på dmp.no dersom ikkje anna er spesifisert. Siter frå tekstar på denne måten: "Direktoratet for medisinske produkter. Legemiddelmangel - oversikt, råd og tiltak. Elektronisk publisering http://www.dmp.no/(url). Nedlasta/lese dato ….." (legg til dato).
Du kan ikkje hente pdf-filar frå dmp.no og leggje dei ut på ein annan nettstad.
Bruk av tabellar og diagram
Du kan kopiere tabellar og diagram så lenge du viser til kjelda på denne måten:
«Direktoratet for medisinske produkter. <Tittel på nettsida>. Henta <dato månad år> frå <https://xxxxx>.»
Bruk av foto og illustrasjonar som er publiserte på dmp.no
- Media kan fritt nytte pressefoto frå denne sida
- Send e-post til kommunikasjon@dmp.no dersom du ønsker å nytte logoen til DMP.
- Andre foto og illustrasjonar som er publiserte på dmp.no kan du berre bruke på etter avtale med DMP.
- Materiell som tydeleg inngår i informasjonskampanjar, kan du formidle vidare utan særskild avtale.
Bruk av filmar som er publiserte av DMP
- På vår YouTube-kanal publiserer vi filmar som DMP har opphavsretten til. Filmane er tilgjengeleg under vilkåra i Creative Commons-lisensen CC BY-NC-ND 4.0. Ein kan ikkje nytte materialet til kommersielle formål.
- Du kan laste ned filmane, bygge dei inn på ein annan nettstad eller lenke til dei. Hugs å oppgje kjelde. Du kan ikkje distribuere materialet dersom du remikser, omarbeider eller byggjer på materialet. Sjå lisensvilkår
Innhald fra dmp.no i iFrames er sperra
Tilgangen til å vise innhald frå dmp.no i iFrames er deaktivert av omsyn til IT-tryggleiken og for at vi skal ha kontroll på integriteten til innhaldet på DMP.