Bruk av plantebaserte legemiddel
Publisert:
|
Oppdatert:
Endringer
- : Innhaldet er omarbeidt. Informasjon om riktig bruk, biverknader og informasjonskjelder er samla på éi side. Det meste av innhaldet om godkjenning er tatt vekk fordi dette er omtalt på nettsidene om marknadsføringsløyve for plantebaserte legemiddel.
Plantebaserte legemiddel har eitt eller fleire verkestoff som er samansett av plantemateriale. Slike legemiddel er som oftast tablettar eller kapslar som inneheld ekstraktar, men dei kan òg vere tear, eteriske oljer og ulike former for miksturar.
Innhold på siden
Desse produkta blir delte inn i to grupper – plantebaserte legemiddel med veletablert bruk og tradisjonelle plantebaserte legemiddel.
Krav til godkjenning
DMP vurderer kvalitet, sikkerheit og effekt for alle legemiddel, inkludert tradisjonelle plantebaserte legemiddel, før legemiddelet blir godkjent og får løyve til å bli marknadsført. Les meir:
Biverknader
Produkt kan ha uheldige effektar sjølv om dei kjem frå naturen. Som oftast er biverknadene av plantebaserte produkt milde. Dei fleste matvarer kan gi lette plager med magen eller allergiske reaksjonar, og det gjeld òg denne typen produkt. Mange urter har vore brukte gjennom hundrevis av år. Likevel kan uventa effektar oppstå i kombinasjon med nye legemiddel.
Nokre grupper av pasientar er meir utsette for biverknader enn andre på grunn av alder, legemiddelbruk eller spesielle helseproblem.
Dette gjeld personar med:
- allergiar
- alvorlege sjukdomar
- redusert nyrefunksjon
- redusert leverfunksjon
- transplantasjonar
- høg alder (eldre)
Brukar du andre legemiddel eller har spesielle helseproblem, bør du rådføre deg med lege om bruk av plantebaserte legemiddel, naturlegemiddel og liknande produkt.
Bruk hos gravide og ammande
Vi manglar som regel grunnlag for å seie om det er trygt for gravide og ammande å bruke slike produkt. Nokre urter kan vere skadelege for desse gruppene, og dei bør berre bruke plantebaserte legemiddel etter råd frå lege.
Bruk hos barn
Pakningsvedlegget som følger med fortel tydeleg kva aldersgrupper som legemiddelet er godkjend for. I nokre tilfelle er legemiddelet berre godkjend til bruk hos vaksne, det vil seie frå 18 år og oppover, fordi vi manglar informasjon som stadfestar at produktet er sikkert.
Uheldige kombinasjonar med andre legemiddel
Nokre plantebaserte legemiddel kan ha uheldige verknader (interaksjonar) i kombinasjon med andre legemiddel.
Johannesurt
Johannesurt (prikkperikum) er den urta vi veit mest om når det gjeld effekt på andre legemiddel, men òg andre plantebaserte legemiddel, matvarer, helsekostprodukt, alkohol og andre stoff frå naturen påverkar effekten av nokre typar legemiddel.
Johannesurt-preparat påverkar korleis levra omdannar mange legemiddel. Johannesurt bør derfor som hovudregel ikkje kombinerast med andre legemiddel. Interaksjonar er på same måte som biverknader òg avhengig av dosen. Risikoen varierer med dosering og mellom ulike ekstraktar, så ver alltid forsiktig med å kombinere legemiddel og johannesurt-preparat.
Desse legemidla får redusert effekt i kombinasjon med johannesurtpreparat:
- immunosuppressive middel (ciclosporin, tacrolimus)
- blodfortynnande legemiddel (warfarin)
- HIV-middel (f eks saquinavir, nevirapine)
- digoxin
- teofyllin
- litium
- epilepsimedisinar
- prevensjonsmiddel (p-piller, p-stav, p-plaster, p-injeksjon)
Bruk av johannesurt saman med p-piller kan medføre gjennombrotsblødingar og graviditet.
Nokre antidepressive legemiddel (serotoninreopptakshemmarar, SSRI'er) og middel mot migrene (triptanar) kan gi ein forsterka effekt, og alvorlege biverknader kan oppstå.
Dette er nokre eksempel på andre kombinasjonar som ein bør unngå:
- Inntak av grøne grønsaker eller mykje kvitlauk, plantebaserte produkt med ginkgo biloba, tranebær etc. kan påverke effekten av det blodfortynnande legemiddelet Marevan.
- Grapefruktjuice kan òg påverke korleis levra omdannar mange legemiddel slik at dei ikkje vert skilde ut like fort og effekten blir sterkare. Det mest kjente eksemplet er kalsiumantagonistar som vert brukte for å redusere blodtrykket, men også andre legemiddel som statinar og immunosuppresivar kan få forsterka effekt.
Unngå plantebaserte legemiddel før operasjonar
Ikkje bruk slike middel 1-2 veker før ein operasjon, fordi produkt med urter kan påverke blødingar under operasjonar. Eksempel på urter som er kjent for å gi økt blødingstid er:
- ginkgo biloba
- ginseng
- johannesurt
- ingefær
Kjelder til informasjon om plantebaserte legemiddel
Pakningsvedlegg og preparatomtale
Du finn informasjon i pakningsvedlegget som ligg inni pakninga til kvart legemiddel. Du kan òg finne pakningsvedlegget viss du søker opp legemiddelet i Felleskatalogen. Pakningar med naturlegemiddel og plantebaserte legemiddel skal merkast på same måte som andre legemiddel. Du kan også finne preparatomtalen i Legemiddelsøk. Finn du ikkje svar på spørsmål om preparatet i pakningsvedlegget eller preparatomtalen? Da bør du ta kontakt med lege eller farmasøyt på eit apotek før du byrjar å ta legemiddelet.
Monografiar
Monografiar er utarbeidde på bakgrunn av vurderingar av informasjon om kva stoff plantane inneheld, studiar og tradisjonell bruk. Ein monografi skildrar kva forholdsreglar ein bør ta ved bruk av desse plantebaserte legemidla. Monografiar skal brukast til å forenkle godkjenningsprosessen og betre produktinformasjonen for plantebaserte legemiddel i EU-/EØS-land. Dei ligg på heimesida til EMA (European Medicine Agency, Det Europeiske Legemiddelkontoret).
Her finn du oversikt over monografiane og aktuelle urter
- alfabetisk (latinsk namn)
- sortert etter bruksområde
- via nøkkelordsøk
Andre kjelder
Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin (NAFKAM) er ei informasjonsteneste for publikum og gir informasjon til brukarar av alternativ medisin på nettstaden www.nifab.no. Nettsidene gir informasjon om ulike behandlingsformer, aktuelle urter og regelverk som gjeld kosttilskot og plantebaserte legemiddel.
Mattilsynet har råd og åtvaringar om mat og kosttilskot, inkludert naturprodukt som blir marknadsført som kosttilskot.
Kan helsepersonell anbefale plantebaserte legemiddel?
Helsepersonell kan ut frå kompetanse og erfaring diskutere tradisjonelle plantebaserte legemiddel som behandlingsalternativ. Eksempel på dette er å gi alminneleg anerkjende råd mot forkjøling, treig mage og andre lettare plager som ikkje treng behandling med legemiddel. Derfor er det viktig å legge vekt på at «bruksområdet for eit tradisjonelt plantebasert legemiddel er berre basert på lang brukstradisjon». Dette avgrensande vilkåret er tydeleg beskrive i pakningsvedlegget og på pakningar med tradisjonelle plantebaserte legemiddel.
Plantebaserte legemiddel med dokumentert effekt frå kliniske studiar vert kalla plantebaserte legemiddel med veletablert bruk. Då er det dokumentert minst 10 års bruk som legemiddel innanfor EØS-området for det aktuelle bruksområdet.
Denne forskjellen gjer at helsepersonell innanfor rammene av yrkeskompetansen sin kan anbefale veletablerte plantebaserte legemiddel på same måte som vanlege legemiddel. Desse kan òg skrivast ut på resept. Ekstraktar frå johannesurt og hestekastanje er eksempel på plantebaserte legemiddel med veletablert bruk.
Salskanalar for plantebaserte legemiddel
I Noreg kan tradisjonelle plantebaserte legemiddel seljast utanom apotek og på postordre med unntak av legemiddel som inneheld prikkperikum/johannesurt. Veletablerte plantebaserte legemiddel følgjer reglane som gjeld andre legemiddel. Sjå liste over legemiddel som kan seljast utanom apotek (LUA –lista).