Sal, import og innførsel av legemiddel til dyr
Publisert:
|
Oppdatert:
Endringer
- : Tidlegare gjaldt to unntak frå forbodet mot at dyreeigarar kan innføre legemiddel til dyr. Unntaka ville seie at dyreeigarar kunne bestille legemiddel til dyr frå nettapotek i andre EU-/EØS-land. Det andre unntaket gjaldt at dyreeigarar kunne ta med seg legemiddel til langvarig behandling av dyr dersom dei hadde attest frå ein veterinær. Informasjon om dette er fjerna frå nettsida fordi dagens regelverk ikkje opnar for unntak frå forbodet mot privatimport av legemiddel til dyr.
Innførsel og sal av legemiddel til dyr krev særskilt løyve. Privatpersonar eller veterinærar kan ikkje ta med legemiddel til dyr inn til Noreg.
Innhold på siden
Sal av legemiddel
Legemiddel til dyr kan berre seljast via apotek eller via grossistar som oppfyller vilkår for direktedistribusjon. Veterinærar og dyrebutikkar har vanlegvis ikkje lov til å selje legemiddel. Les meir om aktuelle bestemmingar i legemiddellova § 16 og § 17.
Innførsel og import
Privat Innførsel (frå EØS) og import (frå land utanfor EØS) av legemiddel til dyr krev grossistløyve eller tilverkarløyve frå Direktoratet for medisinske produkt. Privatpersonar kan ikkje ta med legemiddel til dyr inn til Noreg, verken ved sending eller innreise.
Verken veterinærar eller dyreeigarar har lov til å innføre/importere reseptpliktige legemiddel til bruk på dyr. Regelen om at privatpersonar kan innføre legemiddel til ”eige bruk” gjeld ikkje ”eigne dyr”, men berre legemiddel til bruk hos menneske.
Unntak for veterinærar
Veterinærar kan ta seg betalt for legemiddel som er brukt til å behandle dyr på klinikken. Prisen som vert rekna ut legemiddelet, kan ta omsyn til kostnadene knytt til for eksempel innkjøp, lagerhald og svinn, men veterinæren skal ikkje tene pengar på legemiddelomsetnad. Les meir om aktuelle bestemmingar i legemiddellova, § 16 og § 17.
Veterinærar kan ta betalt for legemiddel som er utlevert til bruk inntil dyreeigaren kan skaffe nødvendig legemiddel frå apotek, jf. legemiddellova § 17.
Kravet om attestert behandling mot revens dvergbendelorm i samband med utanlandsreiser gjer det naturleg at smådyrklinikkar lagerfører relevante legemiddel for å kunne utføre behandlinga på klinikken. Behandling på klinikk på grunn av attestkrav kommer inn under definisjonen av når man kan krevje å få dekt legemiddelutgiftene. DMP tilrår at veterinærar ikkje utfører behandlingar som skal attesterast med legemiddel som dyreeigaren har med seg. Ved attestert behandling bør veterinæren ha kontroll på at det blir brukt eit legemiddel som er kjøpt inn frå godkjend detaljist og oppbevart i samsvar med oppbevaringsvilkåra som gjeld for legemiddelet.
Ved behov for anna parasittbehandling, skal det skrivast resept til dyreeigaren. Behovet for parasittbehandling vil sjeldan vere så akutt at den må utførast på klinikken.
Unntak for dyrebutikkar
Dyrebutikkar kan selje enkelte nokre legemiddel til akvariefisk.
Legemiddelpris
Legemidler til dyr og reseptfrie legemiddel er ikkje prisregulert i Norge.
Medisinbytte i apotek
Ordninga med medisinbytte (generisk bytte) i apotek gjeld ikkje legemiddel til dyr, heller ikkje når ein har skrive ut humanpreparat til dyr. Bytte i apotek kan berre skje etter avtale med veterinæren som har skrive ut preparatet. Dersom apoteket ikkje har det aktuelle preparatet, men eit tilsvarande, må apoteket konferere med veterinæren før utlevering.