Til hovedinnhold Direktoratet for medisinske produkter Direktoratet for medisinske produkter

Legemiddelverket fekk større ansvar og vart direktorat 1. januar 2024

Publisert:

|

Oppdatert:

Endringer

  • : Oppdatert avsnitt om beredskap i etterkant av Regjeringas framlegg av helseberedskapsmeldinga
  • : Oppdatert for å spegla at direktoratet vart etablert 1.1.24. Lagt inn avsnitt om ny visuell profil

Det nye Direktoratet for medisinske produkt (DMP) har fleire oppgåver og eit større ansvar, særleg knytt til forsyningstryggleik og beredskap, anskaffingar og offentleg finansiering av medisinske produkt.

Endringa tredde i kraft 1. januar 2024. 

- I forhold til Legemiddelverket, har det nye direktoratet ei utvida ansvarsportefølje innanfor beredskap og offentleg finansiering av medisinske produkt. Vi har fått fleire oppgåver og etablerer eit tettare samarbeid med både gamle og nye aktørar. I enda større grad blir vi ein fagleg premissleverandør på vårt felt, seier direktør Audun Hågå.

Det nye direktoratet har også fått oppgåver knytte til godkjenning av aktørar som handterer blod, celler og vev.

Styrka beredskap for medisinske produkt

Hausten 2023 la Regjeringa fram ei stortingsmelding om helseberedskap. DMP får eit heilskapleg ansvar for forsyningstryggleik og beredskap av medisinske produkt. Mellom anna overvaking av verdikjedar, ei styrka rolle innan innkjøp av produkt og ansvar for handtering av beredskapslager. 

- Korona-pandemien viste korleis medisinske produkt har ei kompleks og sårbar forsyningskjede. I etterkant har det bygd seg opp nye beredskapsfunksjonar i Europa, og eit behov for styrka nasjonal koordinering. Med dette bakteppet får direktoratet eit systemansvar i Noreg for beredskap og forsyningtryggleik av medisinske produkt, seier Hågå. 

Dette omfattar ein tettare dialog med aktørar, og eit styrka internasjonalt samarbeid. Særleg viktig blir samarbeidet med EMA, og den europeiske beredskapsorganisasjonen HERA. 

Noregs viktigaste fagmiljø for helseøkonomi 

Legemiddel og helseteknologi er i rask utvikling, og industrien er framoverlent. Fleire tilgjengelege produkt aukar livskvaliteten til menneske, men er også ein komplisert rekneoppgåve på offentlege budsjetter. DMP er Noregs viktigaste fagmiljø for helseøkonomi med om lag 70 medarbeidarar innanfor dette som fagfelt, og har ansvar for kost-nyttevurderingar av alle medisinske produkt, inkludert vaksiner og medisinsk utstyr.

- Det blir utarbeidde stadig fleire kost- og nyttevurderingar, samtidig som dokumentasjonen vi får blir meir kompleks. Vi skal ha ein god jamvekt mellom det å sikre solide kost-nyttevurderingar, og vere effektive i våre vurderingsprosessar. Det er derfor naudsynt at vi heile tida vurderer korleis dette arbeidet utførast. Eit stort og attraktivt fagmiljø skal sikre at vi utviklar oss og ligg i front, forklarar Hågå. 

I tillegg til metodevurderingar har DMP eit utvida ansvar for marknadsinnsikt og arbeidet med å skaffe vaksiner. Det skal etablerast også eit fagmiljø rundt prosessar for anskaffingar av folketrygdfinansierte legemiddel og vaksiner, vaksiner til vaksinasjonsprogram og legemiddel til beredskapslageret i Noreg. I dette ligg det også bruk av innovative, offentlege anskaffingar, slik at vi sikrar tilgang til medisinske produkt. 

Ny visuell profil

Den visuelle profilen til DMP har heksagon som eit sentralt element og vil vera synleg på ulike måtar. Heksagon er ei grunnform som førekjem ofte i naturen og i molekylstrukturar, under dette mange legemiddel. Difor passar heksagon godt som symbol for fagfeltet vårt.

Logoen vår er dynamisk og fleksibel, og kan brukast på ulike måtar. Akkurat som DMP, som ønskjer å dela kunnskap og vera i rørsle. Profilen vår blandar små og store heksagon, for å illustrera at vi ser både heilskap og detaljar. Vi skal sjå det store biletet, samstundes som vi går inn i detaljar og er utforskande.

Logoen til DMP

Se flere nyheter

Kontakt oss

Mediehenvendelser

Enhet for kommunikasjon

485 09 554

pressevakt@dmp.no