Til hovedinnhold Direktoratet for medisinske produkter Direktoratet for medisinske produkter

Hva er FEST?

Publisert:

|

Oppdatert:

Endringer

FEST er eit datagrunnlag som gir lege, apotek og bandasjist oppdatert informasjon om alt du kan få på resept i Noreg. Det beriker elektroniske kurveløsninger og legger grunnlag for pasientrettet legemiddelinformasjon.

Innhold på siden

    Ein del av E-resept

    FEST forsyner alle delar av reseptkjeda i e-resept med kvalitetssikra og oppdatert legemiddelinformasjon. Datastrukturen gjer det mogleg med ein rik funksjonalitet i dei ulike brukersystema.

    Hos legen

    FEST gir ein unik sjanse til å gi tilpassa legemiddelinformasjon når legen skriv ut reseptar. Informasjonen blir lastet ned til legens elektroniske pasientjournal, og gir oppdatert informasjon om for eksempel pris, refusjon via blå resept eller om legen må søke spesielt for å forskrive dette legemiddelet.

    Tenesta gjer det òg mogleg å varsle legen om nye biverknader og leveringsvanskar i apotek. FEST gjer det enklare for legen å forskrive riktig legemiddel.

    På sjukehuset

    I dag brukar sjukehusa ressursar på eigne legemiddelregister. Samtidig kommer stadig nye legemiddel på marknaden, og reglane for refusjon og bruk av legemidla vert endra. Det er ei ressurskrevjande og vanskeleg oppgåve for sjukehusa å halde systema sine oppdaterte. FEST tilbyr oppdatert legemiddelinformasjon til alle sjukehus og arbeider med å dekke fleire behov for spesialisthelsetenesta.

    Hos apotek og bandasjist

    Systemet til apoteket, FarmaPro, tar imot informasjon om legemiddel og andre apotekvarer frå eit vareregister utarbeidt av Farmalogg. Farmalogg og FEST synkroniserer opplysningane, slik at informasjon om dei samme legemidla finst i begge systema.

    Bandasjistar sel varer som vert brukte ved inkontinens, stomi og diabetes, samt brystproteser, kateter og ernæringspreparat til klinisk bruk. Frå FEST mottar bandasjistar informasjon om dei varane som har refusjon. Denne produkt- og prislista vert utarbeidt kvart kvartal av Helsedirektoratet.

    Kva varer finst i FEST?

    FEST inneheld varar som ein kan forskrive/ordinere i Noreg:

    • Legemiddel med marknadsføringsløyve i Noreg

    • Legemidddel produsert i sjukehusapotek

    • NAF-preparat

    • Uregistrerte legemiddel

    • Kosttilskot som vert selde på apotek

    • Handelsvarar med refusjon (medisinsk forbruksmateriell, næringsmiddel, brystprotesar)

    Samlar data frå fleire kjelder

    DMP har ikkje heile datagrunnlaget hos seg, og samarbeider derfor med andre leverandørar for å få eit så godt datagrunnlag som råd. Vi samarbeider med blant anna Helsedirektoratet, HELFO og Farmalogg om utveksling av informasjon.

    Kven bruker FEST i dag?

    FEST vert brukt av allmennlegesystema i Norge, system innan kommunal pleie og omsorg og nokre system i sjukehus. Veterinærsystem bruker også FEST.

    Ønskjer du å bruke FEST?

    Dersom du ønskjer å utvikle programvare/applikasjonar med FEST: se dokumentasjon og ta gjerne kontakt.

    Kontakt oss

    Enhet for distribusjon av legemiddeldata

    22 89 77 00

    fest@dmp.no