Til hovedinnhold Direktoratet for medisinske produkter Direktoratet for medisinske produkter

Tre frå Legemiddelverket bidreg i arbeidet med ny prioriteringsmelding

Publisert:

|

Oppdatert:

Endringer

Hallstein Husbyn og Hilde Røshol er utnemnde som medlemmar av to ekspertgrupper som skal bidra inn i den nye prioriteringsmeldinga. I tillegg er Camilla Hjelm utnemnd som sekretariatsleiar for ei av ekspertgruppene.

I løpet av 2024 skal regjeringa leggje fram ei ny prioriteringsmelding. Meldinga skal mellom anna vurdera persontilpassa medisin, og sikre opne og etterprøvbare prioriteringar i helse- og omsorgstenesta.

I samband med meldinga har regjeringa sett ned tre ekspertgrupper som skal sikra eit godt kunnskapsgrunnlag for arbeidet. Tre personar frå område helseøkonomi og analyse i Legemiddelverket deltek i dette arbeidet.

Ekspertgruppa «perspektiv» skal vurdera om dagens helsetenesteperspektiv framleis bør leggjast til grunn for prioriteringar i helse- og omsorgstenestene, eller om eit breitt samfunnsperspektiv - eller element av dette - bør leggjast til grunn. Seniorrådgjevar Camilla Hjelm er utnemnd som sekretariatsleiar for gruppa, medan einingsleiar Hallstein Husbyn er utnemnd som medlem av ekspertgruppa.

Ekspertgruppa «tilgang» skal greia ut problemstillingar og eventuelt foreslå tiltak knytt til forholdet mellom nasjonale prioriteringsavgjerder på gruppenivå og avgjerder om enkeltpasientars tilgang til desse metodane på individnivå. Seniorrådgjevar Hilde Røshol er utnemnd som medlem av ekspertgruppa.

Les meir på regjeringa.no